Adgang til gods- eller persontransport på innlands vannveier
Rådsforordning (EF) nr. 1356/96 av 8. juli 1996 om felles reglar for gods- eller persontransport på innlandsvassvegar mellom medlemsstatane med sikte på å verkeleggjere retten til å yte slike transporttenester
Council Regulation (EC) No 1356/96 of 8 July 1996 on common rules applicable to the transport of goods or passengers by inland waterway between Member States with a view to establishing freedom to provide such transport services
EØS-komitebeslutning 30.4.1997 om innlemmelse i EØS-avtalen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra rådsforordningen, norsk utgave)
Innføringa av ein felles transportpolitikk inneber m.a. at det vert fastsett felles reglar for tilgjenge til marknaden for internasjonal gods- og persontransport på innlandsvassvegar på territoriet til Fellesskapet. Reglane må vere slik utforma at dei medverkar til å verkeleggjere den indre transportmarknaden.
Ei slik einsarta ordning for tilgjenge til marknaden krev òg at det vert innført rett til å yte tenester ved at alle restriksjonar for tenesteytaren vert fjerna som botnar i nasjonaliteten hans eller i at han er etablert i ein annan medlemsstat enn den medlemsstaten der tenesta skal ytast.
Etter at dei nye medlemsstatane vart tilmelde, finst det ulike ordningar mellom medlemsstatane for internasjonal transport og for transitt på innlandsvassvegar, fordi det ligg føre tosidige avtaler mellom visse medlemsstatar og ein nytilmeld medlemsstat. Difor må det fastsetjast felles reglar for å sikre at den indre transportmarknaden verkar fullgodt, og særleg for å unngå konkurransevriding og skiplingar i den aktuelle marknadsordninga.
Dette tiltaket hyrer inn under einekompetansen til Fellesskapet, og det målet som er sett, kan berre nåast ved å fastsetje einsarta og bindande reglar